God start på 2002 på Øytun

Eg har litt dårleg samvit for at eg ikkje har skrive på ganske lenge no. Men no eg kjem attende med ein liten rapport ifrå livet her på Øytun, og vonar det vert hyggeleg lesing for dykk der nede.

Det var heilt topp å vere heime ein tur i jula. Før jul rakk eg liksom ikkje å savne dei der heime noko særleg, for ein har jo alltid folk rundt seg, og det var alltid noko som skjedde på skulen. Men det var absolutt storveis å treffe vener og familie heime i Kristiansand. No etter jul, går tankene ofte heim til dei der heime.

Kva har me gjort etter jul?

I løpet av den tida me var borte, kom den omtrent ein halv meter snø. -Følgeleg var det naturleg for oss at me hadde masse flotte turar på ski.

12. januar hadde heile skulen fyrstehjelpskurs på Sarves. Der øvde me på korleis ein skal frakte skada personar med seg når ein er på tur på vinterfjellet. Konklusjonen var at å bruke pulk var mykje enklere enn å improvisere med ski og liggjeunderlag og tau og telt og soveposar for å forsøkje å lage ei båre.

Dagen etter var me fem guter som koste oss i puddersnøen i ein bakke på Sarves.
Så var det klart for dag 3 med skitur i pudderet. Me skulle ha ein redningsøvelse, der me fekk vite at Off-Piste hadde vorte tatt av skred i Skoddevarre. Off-Piste-klassen hadde lagt seg ut på strategiske plassar i Skoddevarre, og resten av skulen skulle ut og leite etter dei. Kvar klasse fekk utdelt eit område å søkje i, og så gjekk me manngard for å leite opp dei skadde. Når dei vart funne, måtte dei simulerte skadane taes hensyn til, og personen vart frakta i pulk ned til avtalt område. Heile øvelsen var spanande og lærerik, og me fekk sjølvsagt leikt litt i snøen når alvoret var over. På vei ned til Øytun klarte eg å brekke teleplata i min Riva Z-binding. Eg sendte han ned til Rottefella, og fekk to nye plater attende. Tusen takk for god service, Rottefella!

Neste dag var eg óg på ski. Då gjekk klassen min på ein kort dagstur på ski til toppen av Skoddevarre (435 moh).

16.-18. januar var eg med valgfagsklassen min til Tromsø, der me var på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Fekk sett ganske mange bra, men óg sabla sære filmer. Typisk festivalfilmar, som ikkje kjem til å gå på vanlege norske kinoar. Det var moro å være med ein Øytun-gjeng i storbyen, for ellers så er me berre på skulen, på vidda, eller ein sjelden gong i Alta. (Alta kan ikkje seiast å vere den heilt store byen…)

21. januar feira Øytun at sola kom over horisonten. Då var me óg på Sarves, der det var diverse hedenske soltilbedelsesritual, bålkos og skileik i bakken.

Resten av januar var eg på fleire andre dagsturar på ski i nærleiken av skulen. Utruleg kjekt å bu på ein plass sånn at ein kan spenne på seg skia rett utafor døra!

Siste veka i januar var det Samisk seminar på Øytun. Då kom Marit og Nils og den samiske gjengen som skulen har god kontakt med. Dei haldt diverse kurs for oss, der me fekk laga tradisjonell samisk brukskunst. Eg sydde matpose og utstyrspose i skinn, og bruker dei på kvar einaste tur eg er på. Skikkeleg praktisk å ha poser som ikkje går sund, og som ein kjenner att nedi sekken, og dessuten er det stas å ha noko eg har laga sjøl.

Rett etter det samiske seminaret var det tid for atter ein tur med Arktis. Det var ein såkalt "ikkje førebudd overnattingstur". Opplegget var at me skulle ha med oss dagsturutstyr på ein dagstur, og at me "plutseleg" skulle grave oss ned og overnatte i snøen. Sjølvsagt er det vanskeleg å ikkje ta med seg "litt ekstra" når ein veit at ein skal overnatte i snøhole, så eg vil ikkje akkurat kalle det ein autentisk dagstursekk.. Det var sol og fint vér då me kom fram til ein brukbar snøfonn. På ein tur der ein må grave seg ned i snøen pga dårleg vér, vil situasjonen vere ein heilt anna, men ein kan bruke fantasien, og tenkje seg korleis det må vere å stå i snøstormen på fjellet, og vere nødt til å finne ly.

Klassen delte seg opp to og to eller tre og tre, og i løpet av nokre timer var folk inni fonna. Eg grov ein stor, og litt meir "tradisjonell" snøhole i lag med Anine og Ingrid. Me brukte ganske lang tid på å lage ho heilt ferdig, men då ho var klar var ho stor nok til at heile klassen hadde kveldssamling innomhus. Det var ganske god plass til oss tre som skulle sove der, altså. På vei ned ifrå Gjærfjellet var det ein fin bakke me berre måtte renne to gonger i. Som dykk kanskje har forstått, så er fjella her oppe i Alta-området dekt av masse fin snø. Det varierer ifrå 5 cm laus snø oppå ein god skare - til pudder opptil knea. Er det nokon som er misunnelege? Dykk er hjarteleg velkomne til å kome opp ein tur. Det er snø nok!

Fyrste veka i februar var arktis på skitur med hunder og pulk. Me var delt opp i 5 teltlag,og kvart telt hadde ansvaret for ein hund med pulk. Hundane me hadde med oss er ganske ulike: Ropsok er stor og sterk, og han er flink til å gå der me seier at han skal gå. Sandia er sjefen i hundeflokken, men byrjer å bli litt gamal, så han har litt problem med å trekkje tung pulk. Jåmpa er ei lita jente som ofte er litt vanskeleg å halde styr på, men ho er sterk, og er flink til å trekkje. Desse tre er hundane til Lars og Inger, som er lærarane mine i Arktis. I tillegg lånte me Kafka, ein valp på eit halvt år. Kafka er sterk, men framleis altfor barnsleg til å ta pulk. Han løper over alt, og ville helst leike med dei store hundane. Til slutt hadde me Ståle. Ståle har løpt mykje med slede, og var ikkje heilt vant med å trekkje pulk. Han ville helst løpe fort, og det var vanskeleg å få han til å gå i lag med oss i vårt tempo. Men sjølv om Ståle gjekk litt feil nokre gonger, så var det moro å ha han med oss på skitur.

Ifrå 7. til 9. februar var heile skulen på tur til Jokkmokk i Sverige, der det kvart år er ein stor marknad. Der kan ein få tak i alt mogleg av ting i reinskinn og tre og bein, ein kan kjøpe spekepølser, kniver, kjøkkenredskap og Pokemon-t-skjorter. Eg kjøpte to handgarva reinskinn, så no skal eg byrje å sy meg turbukse. Eg gleder meg til å byrje å klippe og sy.. Det var óg ulike foredrag, og moteoppvisning med samiske klær i skinn og ull. Utruleg mykje tøft å sjå på!

Førre veke var det "mix-turar" for alle på skulen. Der skulle elevane få vere på turar med andre klassar og lærarar. Eg var i lag med Bjørn og Ingvil på Off-Piste-turen til Sivertdalen. Eigentleg var målet å nå opp på Storehaldde, men véret og føret gjorde at me ikkje kunne nå toppen. I staden tok me ein runde i Sivertdalen, og rann ned ein bra bakke. Der klarte danske John å kløyve underleppa med stålkanten på skia under eit stygt fall, og han endte opp på sjukehuset i Hammerfest med 12 sting. Han ser skikkeleg barsk ut no, med veranda-leppe og ein haug av sting i munnen.

Den siste veka arrangerte Bilde og Media-klassen filmfestival på Øytun. Fyrst var det opningsfilm på kinoen i Alta, og deretter viste me 12 filmer i løpet av 2 dagar. Det var kvalitetsfilmar ifrå heile verden, og årets Øytun-kull fekk metta seg på åndeleg føde for ein liten stund.

I går (sundag) var det ein busslast med Øytun-folk i skianlegget i Rafsbotn. Det var heilt utruleg herleg! I bjørkeskogen suste skia gjennom silkemjuk, lett snø, og i bakken hoppa og dansa skia i korte, raske svinger.

Livet er herleg!

- Magnus -

Maalet...

Men hensikten, spør folket,
meningen, maalet?
Der er ingen hensikt,
der er intet maal.
Tindesporten er meningsløs
som selve livet
- derfor kan dens
trolldom aldrig
dø!

Peter Wessel Zapffe