Reinsdyrslakt i Øksfjord

Vakkert i OlderfjordLitt trøytte etter Afro-kveld i peisestua dagen før, stod vi opp tidleg, og var pakka og klar for dagens utflukt. Etter frukost og morgonsamling stod bussen klar for Arktis-klassen som skulle på tur. Destinasjonen var Olderfjord (se bilde), der ein same-familie skulle samle reinflokken for haustslakt og merking av kalvar. Bussen tok oss ned til Troms fylke, og derifrå dro vi videre med båt. Båtturen var sabla flott. Vi kjørte forbi høge fjell og bratte fjellsider. I Olderfjord blei vi teke godt imot, og snart satt vi opp 2 lavvoar på gress-sletta i dalen like ved. Ettermiddagen skulle vi nytte til å lade opp til morgondagens aktivitetar, men etter middagen (reinsdyrhjarte) fekk vi høre om terror-angrepet i New York. Den rolege kvelden vi hadde venta, blei ikkje heilt den same. Det var heilt uverkeleg å høyre om katastrofen i USA då vi satt rundt bålet på verdens mest fredelege plass. Nokon av oss fekk sjå flya og World Trade Center på tv hos samane vi skulle jobbe i lag med. Kvelden vart naturleg nok påverka av situasjonen, og samtala rundt bålet likeså. Eg la meg til å sove utafor lavvoen, under stjernar og nordljos.

Dag 2 i Olderfjord gjekk arbeidet som planlagt. Nokre av oss hjalp lille-Anders med å reparere reingjerdet. Det var staur og nettinggjerde som vart sette opp som ei trakt for å samle reinsdyra når dei kom ned ifrå fjellet. Vi bytta ut dei stolpane som var for dårlege, og spikra fast nettingen til desse. Etter nokre timar i sola var vi ferdege, og resten av dagen kunne vi ta det med ro. Vi snakka sammen med samane, og dei var opne og svarte på alle spørsmåla vi hadde. Det som ga mest inntrykk på oss, var vel kanskje at dei har eit så avslappa forhald til kvardagen. Dei stresser ikkje, og tar ting som dei kjem. Då vi spurte om når reinsdyra kom inn i gjerdet svarte dei. "-Veit ikke. Kanskje snart. Kanskje i mårra…" Alt var avslappa og deilig. Ein fin livsfilosofi, tykkjer eg. Til middag denne dagen hadde vi reinsdyrtunge. Kjempegodt!

Rein...På torsdagen var vi 6 stk som stod opp halv seks for å vere med på å jage reinsdyra ned ifrå fjellet og inn i gjerdet. Men vi oppdaga fort at denne jobben kom til å ta mykje kortere tid enn planlagt, for då vi kom over haugen stod reinsdyra der og venta på oss. For å lede dei i rett kurs gjekk vi manngard mot dei, og til å byrje med såg det ut som at alt skulle gå bra. Men plutseleg snudde dei, og heile flokken løp oppover lia igjen. Etter litt løping fekk vi snudd dei til å gå der vi ville igjen, men ein liten flokk slapp unna. Eg fekk eit lite "flashback" ifrå sauesankinga, men her var dyra litt smartere, større, raskere og farligere. Fysste delen av jobben var gjort då klokka var ni, og vi rakk å kome tilbake til leira då resten av klassen åt frukost.

Neste steg i dagens opplegg var å merke dei nye reinsdyrkalvane. Lassoen flaug gjennom lufta, og det viste seg fort at det var samane som var flinkast til å kaste. Når tauet satt i horna på dyra, løp vi fram og holdt kalven i bakken, medan lille-Anders kom med kniven og kutta sitt merke i øret til kalven. Det heile var over på eit augneblink, og deretter løp kalven tilbake til flokken igjen. Det var eit tjuetals kalvar som skulle merkast på denne måten.

Dei vaksne dyra løp framleis i ring, rundt og rundt i gjerdet. Dei ante ikkje at det no var tid for å luke ut 12 dyr som skulle slaktes. Fanginga av dyra var omtrent same som for kalvane, men desse reinsdyra var mykje større og sterkare, og i tillegg hadde dei svære gevir som kan gjere ganske stor skade om ein kjem for nær. For å få reinen i ro, blei både to, tre og fire lassoar kasta på han. Løkkane stramma seg rundt hovudet, geviret, beina og kroppen, alt ettersom kor godt ein traff med kasta. I neste augneblink, medan lassokastarane haldt reinen så godt dei kunne, løp andre fram og velta reinen over ende. For å få kontroll over horna, måtte ein ta tak heilt inne ved rota. Eg forsøkte dette, og som ved eit under stod reinen stille. (Magiske fingre??) Så kasta eg meg på ryggen til reinsdyroksen i verste wrestling-stil, og klarte med glans å velte den store muskelbunten i bakken. Når han fysst lå nede gjaldt det å halde hovudet nede, for då klarte han ikkje å reise opp kroppen.

Forarbeidet var gjort, og så kom lille-Anders med kniven. Eit kjapt stikk i nakken, rett bak hovudet, og ein kniv i hjartet. Det første stikket lamma nerver og muskler, og det andre var sjølve nådestøtet. Denne måten for å avlive reinsdyr har vore brukt i tusenvis av år, og er faktisk ein relativt rask og human måte å utføre prossessen på. Andre stader bruker dei å sende dyra med trailer til store slakterier, for dette tykkjer staten Noreg er mest høveleg. Men her i Olderfjord løper reinen fritt, og han får vere ute i friluft heile tida. Personleg tykkjer eg det er meir humant å gjere kort prosess slik som lille-Anders gjer, enn å presse masse dyr inn i ein trang trailer som kjørar mange timer til eit stort og skummelt slakteri. Hadde det vore meg, ville eg heller ha endt livet mitt på vidda enn i ein grå betong-kloss, for å seie det sånn.

SlaktingEtter at 12 voksne rein og ein liten kalv med brukket bein vart drepne, starta slaktinga på utsida av gjerdet. Buken blei kutta opp, og skinnet blei flådd av. Skrotten låg under heile prosessen på dette skinnet, for å hundre smuss og skitt i det som snart skulle bli mat. Å vrenge av skinnet krevde litt konsentrasjon og styrke. Det hang godt fast, og vi måtte bruke knokene for å få laus litt om gongen. Så kutta vi opp buken, og alle innvollane ramla ut og vart fjerna. Hjarte og lever er god mat, og tarmane blir nytta til blodpølse. Blodet flyter inni skrotten, og dette blir ausa opp i ei bøtte med ein vanleg kopp.

Sjølve parteringa og drikking av blod og sånn fekk eg ikkje med meg, for då var eg opptatt med reinsdyr-wrestling. Hans Martin gurgla varmt blod… Men resten av slakteprosessen fekk eg med meg, og eg har til og med haldt ein lunken hjerne i min høgre hand. Den var grå og gele-aktig, og eg har vanskelig for å tru at det er mykje som foregår i toppen hos eit reinsdyr.

Rundt leirbålet på kvelden koste vi oss med godsaker frå reinen vi slakta tidlegare på dagen. Under stjernene drog vi to båtar opp på land for ei dame som bur i Olderfjord. Som takk fekk vi bli med inn i stua, og der fekk vi sjokoladekake og vaflar. Sabla hyggeleg og pratsom dame.

Siste dagen på reinsdyrslakt-turen skulle vi ikkje dra ifrå leirplassen før utpå ettermiddagen, og vi nytta tida til å røyke litt av kjøttet vårt i den eine lavvoen. Labba ein times tid med full sekk til der kor ein fiskesjark plukka oss opp, og vi fekk sitte på eit stykke utover fjorden. Klassen åt Toros Mexicanske gryte og ris, og venta på hurtigbåten som skulle ta oss enno eit stykke i retning Øytun. Det var ein trøytt klasse som kom heim til skulen klokka halv to på natta.

- Magnus -