Sauer er ålreite dyr…

Sauer er ålreite dyr, men vi fant fort ut at de er ganske dumme også. På Raippis, eit fjell sør for Alta, skulle arktisklassen hjelpe nokre lokale sauebønder med å sanke inn dyra. Dei hadde 400 sauar som skulle inn ifrå sumarbeitet.

Vi blei sette ut to og to, og vi skulle gå manngard over nordover for å jage sauane mot Dalsletta. Eg og Hans Martin fann fort ein flokk på 7 individ, og byrja å føre dei i korrekt retning. Fyrst var vi veldig fornøgde, og sauane gjekk akkurat der vi ville ha dei. Men plutseleg stakk dei kvite dyra oppover bakken, og dei stoppa ikkje før dei kom opp på toppen. Men å nyte utsikten fekk vi ikkje tid til, for dei pelskledte endra retning, og satt snuten mot vest. Eg og min kompanjong fann ut at det ikkje nytta å løpe etter dei, for då sprang dei berre enno hurtigare. Så vi labba ned på sørsida av dei, med eit håp om at dei ville gå der vi ville ha dei. Sjølsagt jogga dei enno lengre i feil kurs, og havna hos Kristin og Torbjørn som tok over ansvaret. "Vi har full kontroll", sa dei. Vi skulle snart få sjå kor feil dei tok… Så snart vi hadde forlatt dei sjølsikre gjetarane, kunne vi sjå Torbjørn i full galopp bak ein haug sauar. Heilt feil vei, sjølsagt. Det er tydeleg ein klar fordel å ha fire bein å løpe på i fjellet, for medan Torbjørn måtte gi opp etter ein kort, men intensiv spurt, byksa ulldottane uanfekta videre.

Dei to djerve gjetarane Magnus og Hans Martin fortsatte sin vandring mot Dalsletta, og leita etter små, kvite dottar i fjellet med kikkertane sine.

Terrenget var fint å gå i, med barfjell og lyng og mose. Oppe ved Hestvatnet kunne vi skimte noko som kunne likne på sau, og vi klarte å ta dei igjen litt lengre nord. Det tok ikkje lang tid før vi fekk full kontroll over flokken, og leda dei nordover. Men så fann vi ein fantastisk flott lunsjplass, og lot dyra løpe sin vei. I sola, og med ein fantastisk utsikt over Stengelsevatna hadde vi ikkje dårleg samvit sjølv om pausen blei på ½ time. Sauane fann vi igjen rett bakom haugen, og vi jaga dei ned dalen. Der trefte vi på ein lokal sauebonde med hund, og han hadde ein flokk på 30-40 dyr som spankulerte fint på rekke framfor han. Vi blei ikkje lite imponert! Våre sauer blei innlemma inn i flokken av ullete vandrarar, og gjekk pent og pynteleg til gjerdet der dei blei samla på slutten av dagen.

Eg lærte ein ting i løpet av denne dagen: Sauer er komplett umulege å samarbeide med, og vil ikkje høre på noko vesen som ikkje går på fire bein.

- Magnus -