Første helgen

Søndag er fridag her på Øytun. Nokon dreg på gudstjeneste i Alta kirke, andre på fisketur i eit av vatna i nærleiken. I kveld skal det visst vere konsert med Bjørn Eidsvåg på Sautso, eit juv som ligg ein kort busstur herifrå. Eg velger å bli her på skulen, og det gjer mange andre òg. Når heile veka ellers er full av turar og arrangement, så er det jo lov å tenkje på seg sjølve og ta livet heilt med ro ein dag… I kjelleren på skulen er det eit stort rom som blir kalt Katakomben, der ein kan sitte stille og lytte til musikk, eller berre ha ein liten stund for seg sjøl. Det er fint å ligge på golvet med ei pute under hovudet, puste djupt inn, og slappe fullstendig av.

Ifrå torsdag til laurdag var heile alle klassane på skulens hytte på Orros. Det gjekk buss ifrå skulen, og ifrå vegen var det ein times vandring i finnmarks viddelandskap, over heier med bjørkeskau, små buskar, lyng, lav, mose og myr. Kvar klasse hadde med seg fleire fjelltelt, som blei satt opp mellom bjørketrea rundt hytta. På kvelden var det leik og moro på grassletta ved hytta, og etterpå grilla vi karbonader på bålet. Kjempekos!

På fredag kunne vi velge å bli med på masse ulike arrangement og småturar. Nokre folk valde å buldre, fiske eller fotografere, medan andre heller ville sage ved til vinteren eller spikke si eiga tre-skje. Eg gjekk i lag med valpane og "vere til"-gruppa. Vi gjekk ein kort tur oppi heia, og satt oss ned og fyrte opp bål. Dei 6 valpane sprang fram og tilbake, og var ikkje heilt enkle å halde styr på. Men Maria og Birgitta som er stippar i hundekjøring klarte å samle dei små, viltre dyra bra, så vi hadde ein særdeles komfortabel formiddag. Etter middagen, som no blei laga i svære 50-liters gryter på bål, var det klart for dagens høgdepunkt. Orros Olympic Games GLX Extreme!!! Det var stippene som hadde ansvaret for arrangementet, og vi elevar blei delt opp i 8 grupper. Fysste oppgåve var å løpe å hente alle små ting som Ingvil stipp ropte opp: penn, fyrstikkeske, trekopp etc.… Da dette var unnagjort, skulle vi lage ei så lang lenke som mogleg av det tøyet vi hadde på oss. Det var ganske mykje naken hud å sjå utpå sletta, så om nokon hadde kome over heia og gått forbi oss, hadde dei sikkert byrja å lure på kva i all verden dette var for noko. Tomas utmerka seg då han kasta av seg boxeren og viste sin kvite ende før han kasta seg uti det kalde fjellvatnet. Juryen av lærarar og stippar blei ganske imponert. Siste oppgåve var å lage eit skodespel med temaet "Storm over Beskades". Basert på ei faktisk hending, ettersom to postmenn for mange år siden blei overraska av snøstorm då dei skulle over fjellet omkring st. Hans for mange år siden. Alle dei 8 gruppane hadde ulike vinklinger på stykket sitt, og innsatsen var upåklageleg. Lag 3 vann, men mitt lag kom på andreplass. Kvelden blei avslutta kring tre bål som vart sette opp attmed vatnet.

Laurdag etter frukost pakka vi saman alt av telt og kokekar, og rydda leira etter oss. Så stod vi klare for ein 5-timars vandretur i retning fjellet Pæska, der bussen skulle stå og vente på oss ved skiferbruddet. Alta er faktisk kjent for den gode kvaliteten på skifer og mineraler. Vi hadde god tid, men turen tok på for meg og Torbjørn, som førre søndag gjorde ein avtale om å gå berrføtt ei heil veke. Torbjørn måtte gi opp på vei mot Pæska, for beina hans var fulle av tapede kutt og sår. Eg hadde klart meg litt betre, med berre få små sår etter skarpe pinner og kvistar, og heldigvis berre eit som krevde tape. Underlaget var ikkje alltid heilt godt å gå på, med tørr, skarp reinlav, og små krokete kratt og buskar, men vi gjekk då òg på mose og mjukare strekk. Eg har oppdaga at skitne føter blir reine som aldri før, dersom ein vasser over blaute myrer, der mosen skrubbar, gnikker og renser. Kaldt, men godt. Idag er siste dag av avtalen, og eg akter å holde ut. Det skal ikkje bli noko problem, for resten av dagen skal eg berre vere på skulen, og vere sosial i lag med resten av flokken.

- Så no må eg forlate tastaturet, for å sitte framfor datamaskinen er ikkje særskilt sosialt.

For meg fins ingen fremmede.
Berre vener eg ikkje enno kjenner.

Hilser til alle vener og friluftsinterreserte

- Magnus -

Når du vil på fjellsti

Når du vil på fjellsti
og skal nisten snøre,
legg så ikke mere i
enn du lett kan føre!
Drag ei med deg dalens tvang
i de grønne lider,
skyll den i en freidig sang
ned ad fjellets sider!

Fugler hilser deg fra gren,
bygdesnakket viger,
luften bliver mere ren,
høyere du stiger.
Fyll ditt glade bryst og syng,
og små barneminner
nikke vil blant busk og lyng
frem med røde kinner.

Stanser, lytter du engang,
vil du få at høre
ensomhetens store sang
bruse til ditt øre.
Straks en fjellbekk risler kvikt,
straks en småsten ruller,
føres hit din glemte plikt
med en verdens bulder.

Bev, men bed, du bange sjel,
mellom dine minner!
Gakk så frem: den bedre del
du på toppen finner.
Der, som før, går Jesus Krist
og Elias, Moses;
ser du dem, skal ganske visst
farten evig roses.

Bjørnstjerne Bjørnson